Pris vil variere etter omfang, men normalt ligge på frå 4 000.- kr.
Det å overta ny bolig er for dei fleste ein milepel i livet. Du er i ferd med å gjere det dyraste kjøpet i livet. Her kan eg vere til hjelp, dette er ein del av faget mitt. Eg kan vere ein nøytral fagperson inn i det å overta ny bolig.
Overtakelsesforretning er det når kjøpar og seljar går gjennom boligen og kjøpar formelt overtek som eigar. Det som skjer er at kjøpar overtek det økonomiske ansvaret, no er det kjøpar sitt ansvar å halde hus/leilegheit forsikra. Den som har bygt får betalt for arbeidet.
Når du overtek godtek du også det arbeidet som er gjort og det vert vesentleg vanskelegare å nå fram med reklamasjonar på arbeid som ikkje er tilfredsstillande utført.
- Har f.eks. badegolvet skikkeleg fall til sluk?
- Er huset i lodd og vater?
- Kva reglar gjeld for utførelse?
- Korleis er toleransekrava, er dette i samsvar med slik det skal vere?
Dette og mange andre ting kan eg hjelpe med ved overtakelsen.
Kontakt oss
Telefon: 482 06 377E-post: per.s.hellevik@gmail.com
Adresse:
Kvennhusåsen 6, 6270 Brattvåg
Om oss
Eg starta for meg sjølv med bygningsarbeid i 1994 etter å ha arbeida i kommunen nokre år. I 1997 tok eg svennebrev som tømrar og i år 2000 fekk eg mesterbrev i faget. Etter den tid har eg titulert meg som byggmester.