Verditakst

Verdi- og lånetakst einebustad/rekkehus

Pris frå kr 6 000,- inkl. mva.

Ein vanleg verditakst gir ei god og lettfatteleg beskriving av eigedomen sine fakta, konstruksjonar, beliggenheit, areal etc. Taksten opplyser om den tekniske verdien på eigedomen, gir ein låne- og marknadsverdi, samt ei kort beskriving av eigedomen. Den tekniske verdien på eigedomen seier noko om kva standard eigedomen har og stipulerer ein normal marknadsverdi (verditakst) og låneverdi.

Arealet vert kontrollmålt på staden.

Verditaksten vert nytta ved opptak av lån, skifte-/arveoppgjer osv. I vårt distrikt har den også vore mest vanleg ved kjøp og sal av eigedomar.

Noko tillegg i prisen ved store eigedomar.

Verdi- og lånetakst leilegheit

Verditakst burettslagsleilegheit

5 000 kr inkl. mva

Verditakst sjølveigarleilegheit

5 000 kr inkl. mva

Ein verditakst på ei sjølveigarleilegheit og ei burettslagsleilegheit vil ikkje sjå likt ut, men arbeidet med å taksere leilegheitene vil vere omlag like omfattande og prisen er lik.

Ein vanleg verditakst av ei leilegheit gir ei god og lettfatteleg beskriving av fakta, konstruksjonar, beliggenheit areal etc. Det vert utrekna ein teknisk verdi og det vert stipulert ein normal marknadsverdi og låneverdi. Det vert gitt ei enkel beskriving av leilegheita sin generelle tilstand.

Areal vert kontrollmålt på staden.

Verditaksten vert brukt ved låneopptak, skifte-/arveoppgjer etc. og i vårt distrikt har den vore den mest brukte takstforma ved kjøp og sal av leilegheiter.

Noko tillegg ved store leilegheiter.

Om oss

Eg starta for meg sjølv med bygningsarbeid i 1994 etter å ha arbeida i kommunen nokre år. I 1997 tok eg svennebrev som tømrar og i år 2000 fekk eg mesterbrev i faget. Etter den tid har eg titulert meg som byggmester.